Biografi
Med popmusikk på klingande jærdialekt har Hilde Selvikvåg raskt etablert seg som ein folkekjær artist. Etter det spellemannsominerte debutalbumet har ho hatt mange låtar i høg rotasjon på NRK sine radiokanalar. Med sine fengande låtar som “Karusell”, “Indie” og “Fryd” har ho sunge seg inn i mange hjarter og vist at ho er ein unik artist som våger å gå sine eigne veger.
Hilde Selvikvåg er ein nyskapande artist, og har vist ei stor evne til å byggja eigne idear og konsept. Sommaren 2021 slapp ho sin aller første hageturné, den einaste av sitt slag i Norge. Konseptet var ein braksusess og så langt har ho turnert hundrevis av hagar frå sør til nord.
I 2025 tek ho magien vidare inn i juletida med «Julekarusellen», ein juleturné der ho fylgjer tradisjonen med å spela tett på folk, denne gongen i låver, drivhus og sjarmerande samlingslokale i krikar og krokar over heile landet.
Uansett om ho speler på ein festivalscene eller i eit konserthus, ein hage eller låve, har Hilde Selvikvåg ein eigen evne til å bevega og sjarmera publikum. Ektefølt og nært formidlar ho dei personlege tekstane sine slik berre ho kan, og framkallar både latter og tårer med ein varme og tilstedeværelse av dei sjeldne.